Om oss

Sogn Kjøleservice var stifta av Dagfinn Drægni i 1971, då som eit enkeltmannsføretak. Bedrifta har hatt ein stabil og fin vekst og vi er i dag 11 tilsette og omsatte i 2017 kjøleprodukt og -tenester for rundt 18 mill. kroner.

Bedrifta har pr. i dag :

  • 1 med meistar- og fagbrev
  • 5 montørar med fagbrev
  • 3 montørar
  • 1 lærlingar
  • 1 kontormedarbeider. 

Ei god lærlingbedrift

Vi legg vekt på utvikling hjå dei tilsette, og bedrifta har opp gjennom åra hatt 11 lærlingar som har teke fagprøve hjå oss. Mellom desse er ein blitt norsk meister i kuldeteknikk 2001 og ein nordisk meistar 2003.

I 2013 opplevde vi også at Øyvind Lindstrøm Fylling tok fagbrev som kuldemontør. Fagprøvenemnda i Oslo gav Øyvind "Meget Bestått", noko som er heller sjeldan og noko vi er stolte av.

-Les meir om tilsette