Vi fyller 50 år!

Volvo sogn kjøle.jpg

– Det starta med ein varebil vi køyrde til Oslo og fylte med verktøy, fortel Dagfinn Drægni.

Sogn Kjøleservice vart stifta 1. januar 1971, av Dagfinn Drægni. Han hadde teke Statens kjølemaskinistskole i Trondheim og fekk beste karakter i alle fag. Slik vart han hanka inn av ein professor i kjøleteknikk for å jobbe på høgskulen.

I 1969 reiste han heim til Sogn. Der venta 15 månader i marinen, før han starta enkeltmannsføretaket Sogn Kjøleservice.

– Det starta med ein gamal varebil som vi køyrde til Oslo og fylte opp med verktøy. Det var i Oslo alle grossistane heldt til. Så gjekk det smått framover. Det eksisterte ikkje kjølefirma i Indre Sogn, dei fleste kom frå Bergen. Så tilsig av kundar kom sakte, med sikkert, fortel gründeren.

- Stritt, men spennande

Etter kvart fekk Sogn Kjøleservice kontrakt med fylkeskommunen om å utføre service på kjøleanlegg på bygga deira. Det var på det meste 32 institusjonar, deriblant aldersheimar og skular.

Drægni farta i heile Sogn og Fjordane. Slik heldt han hjula i gang, før han etter ein del år fekk sin første tilsett.

– Det var stritt. Å vere gründer var tøft. Det var ikkje stønadsordningar på den tida. Men det gikk sakte framover og det var moro å halde på når det utvikla seg til noko positivt.

Gjekk i arv

Sonen Nils Bjarne har allereie drive Sogn Kjøleservice i 10 år. Gründer Dagfinn nyter livet som pensjonist.

Sonen Nils Bjarne har allereie drive Sogn Kjøleservice i 10 år. Gründer Dagfinn nyter livet som pensjonist.

Dagfinn pensjonerte seg for 10 år sidan, då bedrifta var 40 år. Sonen, Nils Bjarne Drægni, sto klar for å ta over. Han hadde vore med Dagfinn på jobb sidan han var bitte liten, saman med søstera.

– Så det var ein del av oppveksten. Sjølv når han var i militærtenesta, kom han heim for å hjelpe meg med å montere større installasjonar. Det blei naturleg at han tok over bedrifta.

Dagfinn selde alt til sonen. Han villa la Nils Bjarne styre slik han ønskja og ikkje jobbe meir med Sogn Kjøleservice.

– Eg ville ikkje vere sjuande far i huset. Han måtte få ha sine idear, som truleg vart annleis enn mine. Så det var godt å trekke seg unna. Nå er det fint å sjå at bedrifta er 50 år og klarer seg så bra.

Godt rykte

­I dag er Sogn kjøleservice sju tilsette. Og så lenge bedrifta held økonomien stabil og har eit godt rykte, er Dagfinn sikker på at Sogn Kjøleservice kan leve lenge.

– Eg hugsar ein gang eg var i Stryn og hadde service på husstell fagskulen. På kvelden satt eg og åt middag på eit hotell, då ein mann kom bort til meg og lurte på om eg eigde bilen utanfor. Han hadde nemlig ein kjøledisk som var øydelagt i butikken sin. Så eg fiksa kjøledisken dagen etterpå. Same kjøpmann ringte 30 år etterpå og lurte på om ikkje Sogn kjøleservice kunne komme til Stryn og skifte ut kjøleanlegget, han var så fornøyd med arbeidet og servicen sist gang.

 – Så eit godt renommé løner seg, avsluttar pensjonisten.

Ein eldre brosjyre frå -75 som viser at Sogn Kjøleservice har holdt på i nokre år.

Ein eldre brosjyre frå -75 som viser at Sogn Kjøleservice har holdt på i nokre år.

Monterings- og bruksrettleiing frå 1975.

Monterings- og bruksrettleiing frå 1975.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Sogn Kjøleservice blir stadig fleire

Neste
Neste

Ny ansatt frå 1.august